David Rawlings
David Rawlings | |||
David Rawlings i 2014 | |||
Fødd | 31. desember 1969 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | North Smithfield | ||
Opphav | North Smithfield i Rhode Island i USA | ||
Aktiv | 1996– | ||
Sjanger | bluegrass, nytradisjonell country, americana, old time, folk, amerikansk primitivisme | ||
Instrument | synging, gitar | ||
Kjende instrument | 1935 Epiphone Olympic gitar | ||
Tilknytte artistar | Dave Rawlings Machine, Gillian Welch | ||
Verka som | songar, musikkprodusent, komponist, gitarist, låtskrivar | ||
Prisar | Americana Award for Instrumentalist of the Year, Americana Lifetime Achievement Award for Songwriting |
David Todd Rawlings er ein USA-amerikansk gitarist og songar. Han er mest kjend for det langvarige samarbeidet med bluegrass-songaren Gillian Welch.
David gjekk på Berklee College of Music og studerte med gitarprofessor Lauren Passarelli.
Han er mest kjend på eiga hand som produsent, og har produsert Welch og band som Old Crow Medicine Show. Han har i seinare år spelt som «Dave Rawlings Machine». Han har òg medverka på Bright Eyes-albumet Cassadaga, Ryan Adams-albumet Heartbreaker (som opnar med «Argument with David Rawlings Concerning Morrissey»), og Robyn Hitchcock-albumet Spooked.
Rawlings skreiv songane «To Be Young (Is To Be Sad, Is To Be High)» og «Touch, Feel and Lose» med Ryan Adams.
David Rawlings spelar ein liten archtop-gitar, ein Epiphone Olympic frå 1935, som var ein middels dyr gitar på den tida.[1] I 1935 kosta han $35.[2]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Dave Rawlings Machine - A Friend of a Friend (November 2009 · Acony Records)
Gjesteartist
[endre | endre wikiteksten]- Sjå diskografien til Gillian Welch
- Sara Watkins - Sara Watkins (2009 · Nonesuch Records)
- The Whispertown 2000 - Swim (2008 · Acony Records)
- Bright Eyes - Four Winds (2007 · Saddle Creek)
- Bright Eyes - Cassadaga (2007 · Saddle Creek)
- Robyn Hitchcock - Spooked (2004)
- Old Crow Medicine Show - Old Crow Medicine Show (2004)
- Ryan Adams - Demolition (2002)
- Ryan Adams - Heartbreaker (2000)
- Ani DiFranco - Swing Set (2000)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «David Rawlings» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1934 Epiphone sales catalog
- ↑ David Rawlings' guitars, acoustic guitars Central[daud lenkje]